Loading…
Back To Schedule
Saturday, August 29 • 19:30 - 19:55
Ingvild Flottorp

Sign up or log in to save this to your schedule, view media, leave feedback and see who's attending!

I dag ser vi ei countrybølge skylle inn over landet, og stadig fleire får auga opp for den norske americana-scena. I dette blomstrande miljøet finner vi det nye tilskotet, Ingvild Flottorp. Musikken til Åmli-jenta ber preg av ung naivitet, men som samtidig tydelig er inspirert av dei eldre heltane som Emmylou Harris, Dolly Parton og Glen Campbell.
I løpet av året vil det kome singler frå Ingvild Flottorp, etterfulgt av eit debutalbum.
Ting har sett lyst ut for artisten Ingvild Flottorp, med spennande ting i vente og avtalar på gli. Men korona-krisa har gjort ting vanskelegare som nyetablert artist.
Då er det godt å ha den tryggheten i at det alltid vil vere behov for musikk, og at det i tillegg er ei aukande interesse for norsk americana. Og som Dolly Parton har snakka om: Ein vil alltid trenge Countrymusikken. Når verda blir meir komplisert, vil vi trenge den musikken og dei ærlege tekstane som kan fortelle korleis ting er på ein måte som folk kan kjenne seg igjen i, eller kan røre borti ei kjensle hos folk.


Saturday August 29, 2020 19:30 - 19:55 CEST
Tøyen Torg

Attendees (1)